2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar
Nokon må gå3 Jan 2020

2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar

Årets første utgåve av «Nokon må gå» handlar mest om fjoråret. 2019 var på mange måtar året der det rakna for både bergenspolitikken og samfunnsdebatten.– Alt vart berre vill vest i Bergen, endå meir enn før, seier Gerd Tjeldflåt, politisk journalist i BT om kommunevalet.2019 var òg eit år der samfunnsdebatten gjekk på nokre smellar. Det vart blant anna storm av at Siv Jensen sa at Frp skulle «knuse disse jævla sosialistene».– Sånt har heile dette året blitt prega av, at ikkje-saker blir til megasaker, seier Jens Kihl, kommentator i BT.– Det at ein viktig person seier noko, gjer ikkje saka viktig, seier kommentator Morten Myksvoll.Det vert òg lansert eit nyttårsforsett for mediebransjen. Programledere: Morten Myksvoll, Gerd Margrete Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik SvanevikVignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)Lydklipp: BT og NTB

Avsnitt(423)

Ingebrigtsen-dilemma, politikarar, rus og moralisme

Ingebrigtsen-dilemma, politikarar, rus og moralisme

Simen Velle tok eit oppgjer med si rusfortid på imponerande vis. Men var det så skamfullt, eigentleg? Og hadde alt vore annleis dersom han var eldre og politikar då det skjedde? Ingebrigtsen-saka dominerer nyheitsbiletet, me går gjennom pressedekninga.

2 Maj 202435min

Får Trump evig immunitet?

Får Trump evig immunitet?

Kan ein president drepe sin motstandar og vere immun mot rettsforfølging? Kva med å setje i gong eit kupp? Amerikansk høgsterett vurderer faktisk immunitetskravet til eks-president Donald Trump. Det får juss-ekspertar til å måpe.

30 Apr 202419min

Kor KI-desperat går det an å bli?

Kor KI-desperat går det an å bli?

Over heile landet ropar kvinner etter ny samtykkelov. Men Marie er skeptisk. Industri- og næringspartiet finst framleis, og kranglar framleis. Me gir deg alt om den nye leiarkonflikta. Og så var det KI. Er det lov å seie at ein ikkje heng med?

25 Apr 202436min

Kunsten å gå – enten du vil eller ei

Kunsten å gå – enten du vil eller ei

Ingvild Kjerkol måtte gå av, og statsministeren sto ved sida og passa på. På Stortinget er det mange som går av eiga fri vilje, og mange har éin ting til felles. BT har dessutan vunne den mest prestisjetunge journalistprisen i Noreg. Me får besøk av kollega Per Lindberg, som fortel om saka og følgjene den har fått.

18 Apr 202445min

USA-spesial – Iran bombar Israel. Korleis går det om Trump skal sikre freden?

USA-spesial – Iran bombar Israel. Korleis går det om Trump skal sikre freden?

Verda skjelv etter Irans bombing av Israel. Biden prøver å halde på roen, men kva om Donald Trump sat på det ovale kontor i desse ustabile tidene?

16 Apr 202426min

Gjekk BT for langt i gruppevaldtektssaka?

Gjekk BT for langt i gruppevaldtektssaka?

Ingvild Kjerkol har fått sin endelege sensur på masteroppgåva. Må ho gå? Frifinninga av tre menn i gruppevaldtektssaka i Bergen skapar sterke reaksjonar. Ei ny bybaneløysing blir kalla genial, og i Oslo er 17. mai blitt kulturkrig.

11 Apr 202441min

USA-spesial – Han kunne stemt Trump i 2016. Joel Ystebø forklarar kvifor kristne likar Trump.

USA-spesial – Han kunne stemt Trump i 2016. Joel Ystebø forklarar kvifor kristne likar Trump.

Kvifor flokkar kristne veljarar i USA seg rundt ein så ukristeleg figur som Donald Trump? Morten og Gerd får besøk av KrF-profil Joel Ystebø, som kan forstå kvifor verdikonservative søkjer seg mot den tidlegare presidenten.

9 Apr 202433min

– Ap vil drive slavedrift på ungdom

– Ap vil drive slavedrift på ungdom

Ideen om eit pliktår for landets 19-åringar slår godt an i folket, men ikkje hos Morten og Gerd. Marie er derimot litt glad i tvang. Dessutan snakkar me om å vente på Bybanen til Åsane og om å reise klimavennleg som vestlending. Spoiler: Det siste er umogeleg.

4 Apr 202434min

Populärt inom Politik & nyheter

aftonbladet-krim
p3-krim
rss-krimstad
fordomspodden
motiv
rss-viva-fotboll
flashback-forever
svenska-fall
rss-sanning-konsekvens
aftonbladet-daily
blenda-2
dagens-eko
rss-vad-fan-hande
rss-frandfors-horna
olyckan-inifran
grans
krimmagasinet
rss-krimreportrarna
svd-dokumentara-berattelser-2
rss-flodet