2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar
Nokon må gå3 Jan 2020

2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar

Årets første utgåve av «Nokon må gå» handlar mest om fjoråret. 2019 var på mange måtar året der det rakna for både bergenspolitikken og samfunnsdebatten.– Alt vart berre vill vest i Bergen, endå meir enn før, seier Gerd Tjeldflåt, politisk journalist i BT om kommunevalet.2019 var òg eit år der samfunnsdebatten gjekk på nokre smellar. Det vart blant anna storm av at Siv Jensen sa at Frp skulle «knuse disse jævla sosialistene».– Sånt har heile dette året blitt prega av, at ikkje-saker blir til megasaker, seier Jens Kihl, kommentator i BT.– Det at ein viktig person seier noko, gjer ikkje saka viktig, seier kommentator Morten Myksvoll.Det vert òg lansert eit nyttårsforsett for mediebransjen. Programledere: Morten Myksvoll, Gerd Margrete Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik SvanevikVignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)Lydklipp: BT og NTB

Avsnitt(425)

Ekstrapod om Ukraina

Ekstrapod om Ukraina

Russland har invadert Ukraina – igjen. Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen snakkar seg gjennom korleis me kom hit, og kva som kan skje framover. Programleiarar: Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

23 Feb 202231min

NMG Live med Monica Mæland og Knut Arild Hareide

NMG Live med Monica Mæland og Knut Arild Hareide

Politiet har ransaka folk ulovleg i alle år, og vestlandske kommunar har gått frå slagord til kommunikasjonskonsept. I tillegg fekk poddiken besøk frå to tidlegare statsrådar på scena på Kulturhuset i Bergen. Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svanevik Arrangementsansvarleg: Martin Larsen Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Lindås kommune

22 Feb 202259min

Brennande sparkesyklar og delikatesser frå Nordfylket

Brennande sparkesyklar og delikatesser frå Nordfylket

Tre gonger har det begynt å brenne i lageret til sparkesykkelbedrifta Ryde. Blir dette kroken på døra for dei i Bergen? Fyr og flamme blir det også i studio når Anne og Morten kranglar om elektrifisering av sokkelen. Og bli med på ei kulinarisk reise i Sogn og Fjordane i vekas Å Vestland. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

17 Feb 202246min

Koronacontent og kjendisar frå vest

Koronacontent og kjendisar frå vest

Alle får korona, og det viktige spørsmålet er korleis gjere det til «bra content». Energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) får kritikk frå alle kantar, men må ho verkeleg gå? Og kven skal få vere med i ein kjendisreality frå Vestlandet? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK Debatten, Regjeringa

10 Feb 202233min

Ny byråd, nytt Sp-fall og ny kommentator

Ny byråd, nytt Sp-fall og ny kommentator

Ap og Sp gjer det dårleg på målingane, og Bergen har fått ein ny skulebyråd. I tillegg tar me bygdedebatten i denne vekas episode, der vikarkommentator og bygdetilflyttar Stig Arild Pettersen er med. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, Regjeringa

3 Feb 202256min

Storkukstemning og brennende nynorsk

Storkukstemning og brennende nynorsk

Bergen kommune har tapt i retten, og Eirin Eikefjord mener det skyldes «big dick energy». Bergen Frp skal gjenoppstå, og Gerd Margrete Tjeldflåt anklager Anne Rokkan for å hate nynorsk. Programledere: Anne Rokkan, Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Unge Høyre

27 Jan 202248min

Sjakk-Toska og samrøre-politi

Sjakk-Toska og samrøre-politi

TV 2 får kjeft for å bruke David Toska i sjakksendinga si. Politiet kjeftar på Justisdepartementet. Og Morten kjeftar litt på kjøpesentra. Programleiarar: Anne Rokkan, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp TV 2

20 Jan 202243min

– Det er lett å gløyme Sunnhordland

– Det er lett å gløyme Sunnhordland

Jens Stoltenberg vil framleis bli sentralbanksjef, Sveio vil bli i Vestland og stormen «Gyda» gjer at me snakkar om vestlendingens storm-mentalitet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svaneik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

13 Jan 202239min

Populärt inom Politik & nyheter

motiv
aftonbladet-krim
fordomspodden
blenda-2
p3-krim
rss-krimstad
flashback-forever
rss-viva-fotboll
aftonbladet-daily
svenska-fall
rss-vad-fan-hande
rss-sanning-konsekvens
olyckan-inifran
dagens-eko
rss-krimreportrarna
rss-expressen-dok
rss-klubbland-en-podd-mest-om-frolunda
rss-frandfors-horna
rss-svalan-krim
svd-dokumentara-berattelser-2