2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar
Nokon må gå3 Jan 2020

2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar

Årets første utgåve av «Nokon må gå» handlar mest om fjoråret. 2019 var på mange måtar året der det rakna for både bergenspolitikken og samfunnsdebatten.– Alt vart berre vill vest i Bergen, endå meir enn før, seier Gerd Tjeldflåt, politisk journalist i BT om kommunevalet.2019 var òg eit år der samfunnsdebatten gjekk på nokre smellar. Det vart blant anna storm av at Siv Jensen sa at Frp skulle «knuse disse jævla sosialistene».– Sånt har heile dette året blitt prega av, at ikkje-saker blir til megasaker, seier Jens Kihl, kommentator i BT.– Det at ein viktig person seier noko, gjer ikkje saka viktig, seier kommentator Morten Myksvoll.Det vert òg lansert eit nyttårsforsett for mediebransjen. Programledere: Morten Myksvoll, Gerd Margrete Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik SvanevikVignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)Lydklipp: BT og NTB

Avsnitt(425)

Gjenopning, vegkrangel og Vestlandets skytsengel

Gjenopning, vegkrangel og Vestlandets skytsengel

Denne veka presenterte regjeringa sin plan for å gjenopne Noreg etter pandemien. Og kva skjedde eigentleg då statsministeren prøvde å forklare vegvala til regjeringa i Nasjonal transportplan? Du får òg siste nytt om vestlandets skytsengel i denne vekas episode. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

8 Apr 202139min

Påskeegg frå Nokon må gå: Ny sesong av Nålebyen!

Påskeegg frå Nokon må gå: Ny sesong av Nålebyen!

Cato er tilbake med nye fortellingar om og frå livet som rusvahengig. Her får du dei to fyrste episodane. Alle saman er tilgjengelege for abonnentar i BT-appen.

1 Apr 202116min

Nedstenging, russarnekt og Oslo-livet i Bergen

Nedstenging, russarnekt og Oslo-livet i Bergen

Noreg (og Bergen) er igjen stengt ned. Var det rett denne gongen? Bergen Engines blir ikkje selt til russiske oligarkar. På vegen dit greidde regjeringa å drible seg sjølv opptil fleire gongar. Og statsministeren meiner at det går an "å leve som i Oslo i Bergen". Gjer det eigentleg det? Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Stortinget og regjeringa

25 Mars 202143min

Bybanen, vaksinestopp og bustadtips i Bergen

Bybanen, vaksinestopp og bustadtips i Bergen

Regjeringa lovar pengar til å starte bygginga av Bybanen til Åsane. Men blir den noko av? Så diskuterer me tilliten til vaksineprogrammet, etter at AstraZeneca-vaksinen vart sett på pause. Å Vestland-spalta handlar om kvar Jens Kihl bør bu i Bergen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, VG

18 Mars 202138min

Russiske oligarkar, store løfter om samferdsle og «belite seg»

Russiske oligarkar, store løfter om samferdsle og «belite seg»

Salet av Bergen Engines er sett på vent, medan saka rullar videre. Statsministeren lovar å bygge både K5 og Hordfast, men kvar er pengane? Og kva betyr det eigentleg å «belite seg»? Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: BT/E24, Regjeringa

11 Mars 202144min

Erna beklager, Oslo får fleire vaksiner og vestlandsk underdriving

Erna beklager, Oslo får fleire vaksiner og vestlandsk underdriving

Erna Solberg måtte beklage til Oslos byrådsleiar, etter hennar eigen statssekretær var involvert i eit utspel mot smittehandteringa i hovudstaden. Den nye vaksinestrategien skaper usemje i «Nokon må gå»-gjengen – og det blir ikkje betre då Gerd og Morten påstår at bergensarar er Vestlandets austlendingar. Programleiarar:Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: VG

4 Mars 202137min

Erna Solberg jubilerer, fødeopprør og NMG hjelper deg

Erna Solberg jubilerer, fødeopprør og NMG hjelper deg

Statsminister og tidlegare NMG-gjest Erna Solberg fyller 60, menn vil inn på fødestudene og NMG løyser store og små problem. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

25 Feb 202140min

Ferjekrig, klimakamp i Sp og kven skal du stemme på i grand prix-finalen?

Ferjekrig, klimakamp i Sp og kven skal du stemme på i grand prix-finalen?

Alle vil kutte i ferjeprisane, og Sp og Frp vil ikkje vere dårlegare enn Ap. Men blir partia einige? Sp slit òg med ein intern strid om klimapolitikken – og podkasten kjem med den autorative guiden til korleis vestlendingar bør stemme under helgas finale i Melodi Grand Prix. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

18 Feb 202139min

Populärt inom Politik & nyheter

aftonbladet-krim
motiv
fordomspodden
p3-krim
rss-krimstad
blenda-2
rss-viva-fotboll
flashback-forever
aftonbladet-daily
svenska-fall
rss-sanning-konsekvens
rss-vad-fan-hande
rss-krimreportrarna
dagens-eko
rss-frandfors-horna
olyckan-inifran
rss-svalan-krim
krimmagasinet
rss-klubbland-en-podd-mest-om-frolunda
rss-flodet