
- Viss Norge var ein person, ville me vore Gunhild Stordalen
Skitne oljepengar skal ikkje lenger investerast i anna enn nullutslepp. Er det toppen av dobbeltmoral? Eller skal me hylle initativet? Vekas krisemøte på Stortinget om straum er også tema i denne episoden. Det enda i nesten hundre forslag, men ingen vedtekne. Og vekas «Å Vestland» handlar om det rike korpsmiljøet i Nordhordland, og om naborivalisering. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Hans Mjelva Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NBIM, Stortinget
22 Sep 202228min

Bergen i bybanekaos, lærarsympati og ræveskaret opp
Regjeringa har nettopp kasta Bergen ut i meir bybanekaos. For skal dei likevel ikkje betale 70 prosent av banen? Blir det då meir bompengar? Samstundes er det gått ein månad sidan elevar skulle starta på skule, og foreldre begynner å gå laus på streikande lærarar. I vekas «Å Vestland» handlar det om manndomsprøven Stoltzekleiven opp, eller Ræveskaret opp som det eigentleg skulle heitt. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, TV2
15 Sep 202235min

Trym Aafløy: - Eg skjønnar jo ikkje Facebook
Det er tre år sidan han knekte bergenspolitikken, akkurat som Kim Kardashian knekte internett. I denne spesialepisoden av «Nokon må gå» fortel Aafløy om vegen frå å starte ei Facebook-side til å bli eitt av Bergens mest kjente fjes. Korleis var det å hamne i medias søkelys, og får Bergen sjå meir til Trym Aafløy? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
9 Sep 202246min

Ekstra: Sjokkmåling i Bergen!
Ei blodfersk måling i BT har så ekstreme tal at det nesten ikkje er til å tru! Arbeidarpartiet har aldri vore målt så lågt, medan Høgre flyr høgt. Og to nykommarar er inne med kvar sin representant i bystyret. Det eine partiet er det knytta stor spenning til. Programleiarar: Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
8 Sep 202221min

Prisen for ein dusj, trolling på scenen og vestlandske dilemmaer
Prisen på ein dusj blir stadig meir absurd, og misvisande straumjournalistikk får fortent kjeft. KrF manglar makt, retning og strategi, og me lurer på om KrF-leder Olaug «Fru Larkins» Bollestad kan lære litt av svenskane sin kristenpolitiske frontfigur Ebba Busch. Jens Kihl pirkar i metadebatten om den omstridde «Sløseriombudsmannen», og vekas djupdykk i den vestlandske folkesjela gir oss eit ekte dilemma: Ordførar eller austlending? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: «Prosjekt Sløseri», NRK
1 Sep 202248min

Nytt byråd i Bergen og dansing med Sylvi Listhaug
Bergen har fått nytt byråd, og særleg ein MDG-byråd kjem dårleg utav det. I MDG er det også kamp om å få bli ny partileiar, ein kamp som kan stake ut ein ny kurs for partiet. Og Frp-leiar Sylvi Listhaug vil ikkje danse Blime-dansen, men kommentator Gerd Tjeldflåt sit på eksklusiv informasjon om dansekunnskapen hennar. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Agderposten
25 Aug 202236min

Ekstra: Byrådet slår sprekker
KrF forlét byrådet i Bergen i ein desperat jakt på nye veljarar. Dermed er eit allereie skjørt byrådssamarbeid blitt litt skjørare. Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl forklarar kvifor dette skjer og kva det vil få å seie for bergenspolitikken i denne ekstraepisoden. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
22 Aug 202221min

Live frå Arendalsveka med gjester
Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt har tatt med «Nokon må gå» til Arendalsveka. Med på scena er direktør i Språkrådet, Åse Wetås, som mellom anna kårar dei tre verste namna på norske instituasjonar. Det er også Frp-nestleiar Terje Søviknes og tidlegare justisminister Monica Mæland for å snakke om sine lange politiske liv. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Teknikk: Magne Antonsen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
17 Aug 202250min