Han er oppstanden! - Preike på Påskedag - 20.04.2025 - v/Stein Ødegård
Brynekyrkja20 Apr 2025

Han er oppstanden! - Preike på Påskedag - 20.04.2025 - v/Stein Ødegård

Lesetekst 1:

Då song Moses og israelittane denne songen for Herren:

Eg vil syngja for Herren,

for han er høgt opphøgd;

hest og ryttar kasta han i havet.


Herren er mi kraft og min styrke,

han har vorte mi frelse.

Han er min Gud, han vil eg prisa,

min fars Gud, han vil eg opphøgja.


Herren er ein krigar,

Herren er hans namn.


2. Mosebok 15,1–3


Lesetekst 2:

For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde. De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.


Kolossarane 2,12–15



Evangelietekst:

Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det skriftene seier, at han måtte stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.


Johannes 20,1–10

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(99)

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Juli 12min

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrs...

7 Juni 23min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Maj 20min

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Evangelietekst.Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord slik dei gjer blant folkeslaga; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før...

26 Apr 15min

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

EvangelietekstEg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulv...

19 Apr 34min

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1De er mine vitne, seier Herren,og min tenar, som eg har valt ut,for at de skal kjenna meg og tru på megog skjøna at eg er Han.Før meg har ingen gud vorte forma,og etter meg skal ingen koma....

12 Apr 23min

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1Herren er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! Herrens høgre hand gjer storverk,Herrens høgre hand lyfter opp. Herre...

5 Apr 26min

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Lesetekst 1Herren sa til Moses og Aron i Egypt:Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten ti...

2 Apr 15min

Populärt inom Religion & Spiritualitet

spokjakt-pa-riktigt-laxton-podden
rss-borgvattnets-hemligheter
rss-historiens-mysterier
bathina-en-podcast
rss-alternativ-historia
sektledare
sa-in-i-sjalen
rss-bajen-idag
rss-universums-hemligheter
rss-basta-livet
rss-patos
rss-manniskan
rss-activation-podcast
rysarstunden
rss-sjalsligt-avkladd
rss-markliga-handelser-i-sverige
det-sista-mysteriet
rss-den-andra-doden
rss-hogmod
spokhistorier