Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland.

I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar.


Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.


Du får også høyre meir om:

  • Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgård
  • Korleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)
  • Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu deg
  • Engasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse AS
  • Kva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på Stord


Bli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne.


Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.


Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!


Sponsor: Stord Apartments

Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar.

Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord.

Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.


Sjekk ut https://stordapartments.no for meir info.

Avsnitt(376)

Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken - Frå Fitjar til Setesdalen: Livet på internatskulen KVS Bygland

Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken - Frå Fitjar til Setesdalen: Livet på internatskulen KVS Bygland

I denne episoden møter du Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken, som deler sine erfaringar med å flytte frå Fitjar til internatskulen KVS Bygland i Setesdalen – 10 mil nord for Kristiansand og 12 mil sør for Hovden. Kvifor valde dei å flytte, og kva skal til for at dei kjem tilbake til Sunnhordland? Dei fortel om korleis det var å flytte heimanfrå, korleis interessa for maskiner og arbeidsklede starta, og korleis skuletida har påverka framtidsplanane deira. Dei deler òg humoristiske historier om matvanar og brannalarmar. Inspektør Jon Gunnar Kjetso gir eit innblikk i dei unike tilboda innan naturbruk og byggfag på KVS Bygland, og korleis skulen legg til rette for eit godt og inkluderande skulemiljø. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med KVS Bygland: Sjekk ut: https://kvsbygland.no KVS Bygland tilbyr utdanning innan byggfag og naturbruk i vakre omgjevnader med fjord, skog og høgfjell like i nærleiken. For dei som er interesserte i hest, jakt, fiske og turar i skog og mark, finst det eit vell av moglegheiter.

27 Jan 31min

Kurt Inge Larsen - om Livsfilosofi, Fotball, Musikk og Hjerneslag

Kurt Inge Larsen - om Livsfilosofi, Fotball, Musikk og Hjerneslag

Bli kjent med Kurt Inge Larsen, ein mann med ein livsfilosofi som inspirerer: å unngå å angre på det ein ikkje gjorde. Kurt deler historier frå sitt mangfaldige liv som fotballspelar, musikar og gamal revystjerne. Under artistnamnet Kurti Larsen har han skapt musikk som rører, inkludert hans nyaste song, En ny dag, som vart lansert same dag som episoden. Vi får høyre om hans oppvekst ved Kuleseikanalen, eit historisk landemerke i lokalmiljøet, om jobbreiser og krokodillejakt. Kurt deler óg om korleis han opplevde eit hjerneslag i 2020. Gjennom heile episoden reflekterer Kurt over viktigheita av å gripe dagen, følgje draumane sine og vere til stades for familien. Bli med på ei reise full av livserfaring, inspirasjon og takknemlegheit for kvar einaste nye dag. Sponsor: Kulleseidkanalen gjestehamn Kulleseidkanalen gjestehamn på Bømlo er ei lun hamn omgitt av vakker natur berre få minutt frå storhavet. Ingenting er som å tøffa rundt i Sunnhordland med båt på sommaren – legg turen innom Kulleseidkanalen. Eller kanskje du har bubil – det er rundt 50 bubilplassar nær sjøen. I år opnar dei 17 heilt nye utleigehytter av høg standard, så no er det overnatting for alle her.   I Kulleseidkanalen driv dei restaurant og bar som har ope kvar dag i sommarsesongen. Det startar med eit smell med Ankerfest – musikkfestivalen i Kulleseidkanalen på Bømlo. Sett av helga 20. – 22. juni. Det blir folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på campingen, open restaurant og eit yrande folkeliv.   Elles i året er det søndagsbuffé med variert middags- og dessertbord, utleige til bryllaup, selskap og alle andre feiringar. Dei tilbyr óg skreddarsydde løysingar for bedrifter, anten det er kurs, konferansar, mat eller overnatting.   Du finn dei på sosiale media under Kulleseidkanalen gjestehamn og på nettsida kulleseidkanalen.no.

20 Jan 47min

Magnus Hillesvik Valvatna - Frå Mobbing til Musikkglede og Mono-Log festival 3

Magnus Hillesvik Valvatna - Frå Mobbing til Musikkglede og Mono-Log festival 3

Musikken er viktig for Magnus Hillesvik Valvatna. I denne episoden deler han si historie – frå å bli mobba i oppveksten til å finne styrke i musikken som medisin.  Høyr om hans deltaking på Mono-log festivalen, den nye EP’en Framtid Fortid, reisa frå korps til bandmedlem og artist. Magnus fortel også om kampen mot nervar og prestasjonsangst, og korleis han brukar musikken til å gje håp og støtte til andre.  Ei sterk historie om mot, meistring og musikkens kraft! 🎶 Lytt til Hilvall her: https://open.spotify.com/artist/4026qnmUxHh3PHZUQItQRZ?si=edUHcCtvR0OHleu0SQBJ7Q Dei som har bidrege på EP’en Framtid Fortid er: Janne Robberstad foto/design.  Trommiser: Andreas Bjordal og Martin Hystad. Vidar Johnsen på demo-arrangør Kristian Sinclair Veum demo-arrangør Cristopher Penzo demo-arrangør Geir Magne Fossmark demo-arrangør Brian Wallace demo-arrangører Rune Sæter tekst skriving Anders Lagerfors koring Jonatan Thomason koring Ingjerd Kolstad Kannelønning koring Og ikkje minst Magnus Hillesvik Valvatna tuba, gitar, tromme og vokal.

13 Jan 40min

Geir Albert Raknes - Frå Båtmekaniker til Biomekaniker

Geir Albert Raknes - Frå Båtmekaniker til Biomekaniker

Geir Albert Raknes deler sin fascinerande reise frå ein oppvekst prega av energi, lærevanskar og utfordringar til livet som muskelterapeut og massør. Geir opnar opp om korleis ein ADHD-diagnose i vaksen alder vart eit vendepunkt som gav han innsikt og retning i livet.
 Han fortel om korleis interessa for anatomi starta som 14-åring, etter eigne ryggsmerter, og korleis denne fascinasjonen førte han til studiar i Oslo og seinare etableringa av Klinikk Svinten på Bømlo. Vi får høyra om oppstarten på Bømlo, korleis koronapandemien påverka verksemda, og ikkje minst hans nye satsing på Stord saman med gjengen på B3 Helse. Episoden gir eit inspirerande innblikk i korleis personlege utfordringar og lidenskap kan skapa ein karriere som gir varig verdifull hjelp til andre. Sjekk ut:  Svinten.no og b3helse.no

6 Jan 1h 9min

Nyttårsforsett og Livsstilsendringar med Monica Ur, Jeanette Roede og Sven Erik Dahl

Nyttårsforsett og Livsstilsendringar med Monica Ur, Jeanette Roede og Sven Erik Dahl

I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møte Monica Ur, ein engasjert og erfaren kursleiar som brenn for å hjelpe folk til å oppnå varige livsstilsendringar. Saman med Jeanette Roede og Sven Erik Dahl frå Grete Roede diskuterer ho tema som nyttårsforsett, veiledning og korleis kurs kan støtte folk på vegen mot eit lettare og sunnare liv. Monica deler si personlege reise, inkludert erfaringar med vektnedgang og kva som motiverer henne som veileder. Vi får også eit innblikk i Roede-metoden, som er basert på over 50 års erfaring, praktisk kunnskap og solid forsking. Metoden er testet ut gjennom ny norsk forsking i samarbeid med Sykehuset i Vestfold – noko som gjer at 9 av 10 lukkast med å nå måla sine. Få inspirasjon og konkrete tips til å starte det nye året med sunne og bærekraftige vanar! Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen? 🌿Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtast. Tunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum, i eit fredelig område der du kan parkere rett utanfor døra.Velværetunet tilbyr eit breitt spekter av behandlingar:🌸 Hudpleie og spa-behandlingar💆‍♀️ Massasje for total avkobling💄 Makeup og pleie for bryn og vipper🧖‍♀️ Sauna og massasjebad I dei lyse, romslige lokalene får du profesjonell behandling av Anne Britt Ottesen, som brenn for å gi deg auka velvære.Velværetunet har lokale på 140 kvm, med 3 behandlingsrom, 1 dag SPA, butikk og kurslokale.Anne Britt har over 20 års erfaring og står klar til å ta imot deg med tryggleik og omsorg. Gje deg sjølv – eller nokon du er glad i – ei velfortent pause. Bestill din time hos Velværetunet i dag!🌿 Velkomen til eit friminutt i kvardagen! 🌿 Sjekk ut: https://www.velveretunet.no

30 Dec 202447min

Johanne Øvstebø Tvedten - om Juletradisjonar, Primstaven og Historieforteljing

Johanne Øvstebø Tvedten - om Juletradisjonar, Primstaven og Historieforteljing

Johanne Øvstebø Tvedten – ei eldsjel innan historieformidling og drama. Johanne deler fascinerande historier frå oppveksten på Nordfjordeid og Stord, utdanninga i USA, og sitt arbeid med kultur- og formidlingsprosjekt ved Sunnhordland museum. I episoden får vi høyre om gamle juletradisjonar i Sunnhordland, artige historier om primstaven, og gripande forteljingar ho har samla frå regionen. Johanne les også to kjære julehistorier av Alf Prøysen, som set den rette stemninga for Jula. Dette er episoden for deg som vil bli inspirert av kulturarv, historie og gode forteljingar! Sponsor: SteintøftSteintøft – solide løysingar for ditt uteområde! 🌟 Steintøft er din lokale ekspert på graving, boring, sprenging og opparbeiding av uteområde. Om du treng hjelp til å klargjere tomt til garasje, hytte, rorbu eller naust, bygge forstøtningsmurar i betong eller naturstein, eller oppgradere hagen med ny plen – Steintøft leverer trygge og effektive løysingar for både privatpersonar og entreprenørar. 💡 Treng du råd eller planlegging? Svein Tore Økland og teamet står klare til å finne den beste løysinga for akkurat ditt prosjekt. 🔗 Steintøft – når grunnarbeidet må vere steintøft!Kontakt Steintøft i dag, og få jobben gjort skikkeleg frå grunnen av! Sjekk ut: https://steintoft.no

23 Dec 202454min

Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

Ellinor Austad Bergesen, leiar for Fitjar Frivilligsentral, har vore drivkrafta bak frivillig arbeid på Fitjar i 25 år. Ho deler sine erfaringar frå å leie frivillige prosjekt, utvikle aktivitetar for alle aldersgrupper, og kor viktig det er å knyte saman lokalsamfunnet gjennom frivillig innsats. Ho fortel om både høgdepunkt og utfordringar, og avslører ei spennande nyheit som kjem til neste år. Vi får også høyre om hennar personlege reise – frå å vere Hammerfests første kvinnelige taxiførar (på hobbybasis), til å bli engasjert i frivillig arbeid og leie ein av dei viktigaste samfunnsaktørane på Fitjar. Høyr om korleis frivillig arbeid kan endre liv og skape eit sterkare lokalsamfunn. Støttespelar: Fitjar Kraftlag Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk! Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.

16 Dec 202438min

Susanna Heggland - om Modertreet, Morskap og Mental helse

Susanna Heggland - om Modertreet, Morskap og Mental helse

Bli kjent med psykologspesialist Susanna Heggland frå Tysnes. Ho deler si reise frå oppveksten på Tysnes til livet som psykolog og småbrukar, og fortel om sitt engasjement for psykisk helse og kvinnehelse, spesielt gjennom graviditet og barseltid. Vi får høyre om hennar arbeid med Modertreet, ein metode som fokuserer på den psykiske vekstprosessen kvinner opplever når dei blir mødre.  Susanne deler også innsikt i korleis ho balanserer eit aktivt familieliv, pendling og fleire roller som psykolog. Sjekk ut: https://www.instagram.com/modertreet/ og https://www.hegglandpsykologtjenester.no  Perinatal mental helse handlar om psykisk helse i tida rundt graviditet og småbarnsperioden, som blir sett på som kritisk for både foreldre og barn. Dei første 1001 dagane, frå unnfangelse til barnet fyller to år, er avgjerande for utviklinga av hjernen og det emosjonelle grunnlaget for livet. God mental helse hos foreldre fremjar trygge relasjonar og positiv tilknyting, som er essensielt for barnets vekst og utvikling. Utfordringar som angst og depresjon kan påverka både foreldreskap og barnets utvikling negativt, noko som understrekar behovet for støtte og tidleg intervensjon i denne perioden. Sponsor: Tysnes gjev meirsma Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.

9 Dec 202447min

Populärt inom Business & ekonomi

badfluence
framgangspodden
varvet
rss-borsens-finest
svd-ledarredaktionen
avanzapodden
lastbilspodden
rss-svart-marknad
rss-kort-lang-analyspodden-fran-di
borsmorgon
fill-or-kill
rss-dagen-med-di
dynastin
rss-placerapodden
uppgang-och-fall
24fragor
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
tabberaset
rss-en-rik-historia
rss-den-nya-ekonomin