Språkoppdraget

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.

Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.


Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.

Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?


I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.

Ny episode annankvar onsdag utover hausten.

Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Den här podcasten är hämtad från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Den kan innehålla reklam.

Avsnitt(56)

Språkoppdragets julestrømpe!

Språkoppdragets julestrømpe!

Dei rolege juledagane er endeleg her, og kva er vel betre enn å lytte til Språkoppdragets julespesial mens du et noko søtt før frukost? Vi har fylt opp ein liten julestrømpe med juleknask av aller bes...

23 Dec 202439min

Julehefte spesial

Julehefte spesial

Dei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske ...

18 Dec 202453min

Gina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og Snøsøstera

Gina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og Snøsøstera

I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fe...

20 Nov 20241h 3min

Sveinung Rotevatn om maktspråk, jusspråk og nynorsk i Grunnlova

Sveinung Rotevatn om maktspråk, jusspråk og nynorsk i Grunnlova

Dagens gjest er kjent frå ein annan scene enn teaterscenen, nemleg den politiske scenen, men han har også mange andre talent. Han har både sete ved kongens bord og ikkje minst spelt i kongens eige kor...

30 Okt 20241h 6min

Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

Endeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjer...

25 Sep 20241h

Sommarspesial

Sommarspesial

Vi rundar av sesongen med ein liten sommarprat internt i Språkoppdraget-redaksjonen. Produsent Ole Herman får kjenne på korleis det er å vere programleiar. Inger Johanne blir avslørt som trønder og Er...

26 Juni 202434min

Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På prem...

29 Maj 20241h 19min

Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den l...

8 Maj 202459min

Populärt inom Utbildning

det-skaver
historiepodden-se
rss-bara-en-till-om-beroende-medberoende
nu-blir-det-historia
not-fanny-anymore
allt-du-velat-veta
harrisons-dramatiska-historia
johannes-hansen-podcast
rss-viktmedicinpodden
roda-vita-rosen
i-vantan-pa-katastrofen
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
sa-in-i-sjalen
rss-basta-livet
rss-traningsklubben
rss-max-tant-med-max-villman
sektledare
vi-gar-till-historien
kan-jag-sa-kan-du-podden
rss-autismandan